Terapibassenget er ein del av helsetilbodet i kommunen. Tilbodet er for innbyggarar i Øygarden kommune med helsegevinst av å trene i varmtvatn. Dette kan vera individuell oppfølging, egentrening eller gruppetrening.
Behandling/Trening i vatn kan fremja fysisk funksjon og lindra smerter ved ei rekke funksjonsvanskar. Oppdrift frå vatnet gjer at ein kan bevega seg lettare og med mindre smerte. Motstand i vatn gir effektiv trening.
Bassenget har ein gjennomsnitt temperatur på 33,9 grader. Den er 12.5 meter langt og er utstyrt med boblebad, massasjebenk, massasjedyser, vannmassasjestråle, motstraumsanlegg. Det er tilgang til badstue (90 grader). Bassenget er tilrettelagt for funksjonshemma med velutstyrt handikapgarderobe.
Straume Terapibasseng følgjer skuleruta til Øygarden kommune og er stengt i ferier og helligdagar. Sjå skuleruta oygarden.kommune.no
I helger vert bassenget nytta til offentleg bading.
Priser off. bading
Voksen: 50,-kr
Barn: 30,- kr
Barn under 2 år: gratis
Kort og kontant betaling.
Klippekort 10 klipp:
Voksen: 585,-kr
Barn: 450,- kr
Opp av bassenget 15 min før stenging hver dag.
Det er påbudt med badehette i Straume Terapibad. Dette har vi for salg, inkl. div. annet svømmeutstyr.
For meir informasjon om offentleg bading: oygarden.kommune.no