Bygning

Knappskog skule

Knappskog skule ligg på austsida på Sotra, i Fjell kommune, om lag 20 minutt frå Bergen sentrum. Skulekrinsen strekker seg frå Morland i sør til Spjeld i nord.

Hallen er ein volleyballhall og har eit areal på 394 m2 :16 X 24 m.
Golv: Idrettsgolv, parkett med demping.
Fast utstyr: Bom, ringar, merking, feste,stativ, mål, korger, nett m.m.
                     Eige lagringsrom for leigetakarane sitt utstyr.
Volleyball: 2 korte baner på tvers  Alternativ 1 bane på langs.
Basketball: 2 korte baner på tvers Alternativ 1 bane på langs.
Badminton: 3 baner
Minihandball:  Mål og oppmerking for minihandball

Utlån av Knappskog skule kan kun bookes av familier i skulekrinsen knytt til skulen.

Ta kontakt med skulen i god tid før arrangement. For gjennomgang av rutinar for bruk og nøkkelhenting. 

Rutinar for utleige:    
Følgjer skuleruta for Fjell kommune. Skulen stengt for bruk i desember og juni måned.
Rom kan ikkje lånast/leigast før etter kl 1700 grunna reinhald/vedlikehald av rom/bygg.
Leigetakar må sjølv følgja med når skulen/gymsalen er stengt.

Det er ikkje tillate med alkoholservering i barne- og ungdomsskular unnateke det kombinerte anlegget på Bjorøyna, jfr. Opplæringslova § 9-5 3. ledd. Det er ikkje tillate med alkoholservering i barnehagar.

 

Heimeside: http://www.fjell.no/knappskogskule/
E-Post: knappskog.adm@fjell.kommune.no
Telefon: 55 09 75 50

- Melding til saksbehandler for anlegget
Tildeling
Interntildeling
Arrangement
Handlekurv