Bygning

Sund Ungdomskule

Sund ungdomsskule- med røter i fjæra og retning mot framtida

Sund ungdomsskule er ein offentleg grunnskule som ligg sør i Øygarden kommune, i den delen som som fram til 2020 var Sund kommune. I dag har vi 345 elevar fordelt på 13 klassar, og vi er 50 tilsette. 

Elevane som går på Sund ungdomsskule kjem frå barneskulene Stranda, Spildepollen og Skogsvåg skular.

Sund ungdomsskule er ein Mot-skule, og vi nyttar både MOT sitt grunnprogram "Robust 12-16" og MOT sitt påbyggingsprogram "Skolen som samfunnsbygger". Skulen er også ein Olweus-skule. Det betyr at vi jobbar etter Olweusprogrammet, som er eit tiltaksprogram mot mobbing og antisosial åtferd.

Det blei gjennomført ei stor medarbeidarundersøking i kommunen for nokre år sidan, og der rapporterte kollegiet om svært høg trivsel, god medverknad og meningsfullt arbeid. Vi som arbeider her, trivst i kvarandre sitt selskap og finn på mykje kjekt saman, både i og utanfor arbeidstida. Kollegiet ved skulen er godt kvalifiserte og har høg kompetanse. Leiinga ved skulen består av rektor og tre avdelingsleiarar, som er ansvarlege for kvart sitt trinn.

Visjonen og slagordet til skulen er “Stolt ung stril - med røter i fjæra og retning mot framtida”. Skulen er opptatt av karakterbygging og identitet. Dette passar godt inn i arbeidet med den nye læreplanen, som skal vere eit verdiløft for skulen: Skulen har eit dobbelt samfunnsoppdrag,- den skal både danne og utdanne. Vi jobbar for ei meir praktisk undervisning for elevane våre, der tverrfaglegheit og tid til å gå i djupna på dei ulike emna blir viktig. I tillegg vil vi ha fokus på meir elevmedverknad.


Sunn skule

Vi på Sund ungdomsskule har starta med eit nytt og betre liv. Vi ønskjer å bli ein sunnare og meir bevisst skule når det gjeld kosthald. Vi har dei siste åra sett ei auke hos elevane når det gjeld å ha med seg snop, brus og anna mat vi reknar som usunt på skulen. Dette skuldast nok ein del at Spar har opningstid frå kl. 8.00 om morgonen, og fleire elevar nyttar høve til å gå på butikken før skulen byrjar.

Skulen har no stramma inn i høve til kva vi meiner elevane skal eta og drikka i skuletida. Det betyr ikkje at vi er blitt «matpoliti», men vi ønskjer å informera og hjelpa elevane til å velja sunt. Vi har også lagt inn denne satsinga i undervisninga vår.  Vi håper at de som foreldre vil hjelpa oss i dette arbeidet. 

Kantine

Vi har kantine der det vil vera høve til å kjøpa varm mat nokre dagar i veka.

Bibliotek

Sund ungdomsskule har eit flott bibliotek med både skjønnlitteratur og faglitteratur. I tillegg til mange ungdomsbøker har vi teikneseriar, biletbøker og mange grafiske romanar, og dei vaksne som er på biblioteket har god kunnskap om litteraturen og er glade for spørsmål frå både elevar og tilsette.

Måndag til fredag kl. 08.00 - 15.30

Heimeside: Link til heimeside
E-Post: Anne.Hufthammer@oygarden.kommune.no
Telefon: 56 12 26 00

Til leie

Tilrettelagt for:
Fasiliteter:
  • Opptatt
  • Ledig
*) Forenklet booking uten manuell saksbehandling
Tildeling
Interntildeling
Arrangement
Søknadskorg