Bygning

Foldnes skule

Foldnes skule ligg på Litle Sotra i Fjell kommune, om lag 15 minutt frå Bergen sentrum. Skulekrinsen dekkjer Foldnes, Våge og Anglevik. Skulen er ein fulldelt barneskule med om lag 300 elevar fordelt på 14. klassar. Rektor er Ragnhild Knudsen Magerøy.

Foldnes skule har ein byggmasse på tre bygg:

  • «Det raude huset» inneheld SFO, og klasseromma til 1., 2. og 3. trinn, samt alle spesialrom.
  • «Det blå huset» inneheld klasseromma til 5. ,6. og 7. trinn.
  • «Det grøne huset» inneheld administrasjon, samt klasseromma til 4. trinn.

Bygga har fått namna etter fargane på vindaugskarmane.

Skulen har eigen gymsal på 155 m2.

Visjon

Foldnes skule fremjar kunnskap, meistring og begeistring i eit trygt og triveleg læringsmiljø

Rutinar for utleige:    
Følgjer skuleruta for skulen og Øygarden kommune.  

Leigetakar må sjølv følgja med når skulen/gymsalen er stengt

Ta kontakt med skulen i god tid før arrangement. For gjennomgang av rutinar for bruk og nøkkelhenting. 

Det er ikkje tillate med alkoholservering i barne- og ungdomsskular unnateke det kombinerte anlegget på Bjorøyna, jfr. Opplæringslova § 9-5 3. ledd. Det er ikkje tillate med alkoholservering i barnehagar

Ved større arrangement eller overnatting skal skjema sendes Øygarden Brann og redning
http://www.oybr.no/tenester/melding-om-arrangement-overnatting/

Skulen bruker lokala fram til kl 1700. Etter dette ledig for booking og utlån

Mandag - fredag 0800 - 2200
Lørdag - søndag 0900-2000 

Heimeside: Link til heimeside
Telefon: 55 09 69 50

Til leie

Tilrettelagt for:
Fasiliteter:
  • Opptatt
  • Ledig
*) Forenklet booking uten manuell saksbehandling
Tildeling
Interntildeling
Arrangement
Søknadskorg