Gaularhallen, som stod ferdig i 2015, er eit kommunalt idrettsanlegg som består av;
Anlegget eigast av Sunnfjord kommune og driftas i samarbeid med Gaular idrettslag. Idrettshallen har sportsdekke og har ei takhøgde på 9,6 meter. Hallen er totalt 2150kvm. I hallen finst det 4 garderobar og 2 dommargarderobar, og ein tribune. Idrettshallen er 20*40 meter og kan delast inn i 3 salar. I tillegg til idrett blir hallen også brukt til større arrangement.
Leige av areal i idrettshallen gjerast ved å sende inn ein søknad her på Aktiv kommune. Ved leige i kvardagar (kl. 08-16, jf. Skuleruta) skal det vere vakthald frå Gaular IL i hallen. Dersom søknadsdato og leigetdspunkt er kortare enn 2 veker må leige avklarast med vakthald. Idrett- og friluftslivseininga i Sunnfjord kommune handsamar søknadar fortløpande. Grunna avklaring om vakthald må leigetakar sende søknad i god til før ønsket leigetidspunkt.
Leige kan søkjast om i følgjande tidsrom:
Kvardagar: kl. 16 - 22
Helg/skuleferiar: kl. 08 - 22
* Det er mogleg å leige i tida mellom kl. 22 - 08 etter nærmare avtale med Sunnfjord kommune. (Gjeld større arrangement.)
Til informasjon:
Sakshandsaming av søknader kan ta 2-4 virkedagar.
* Leigetakar kan få nødvendig opplæring for å leige hallen med eiget vakthald. Søknad om leige må sendast inn i god tid før leigetidspunktet (min. 2 veker før leigedato).
Homepage: Link to website
E-Mail: Hege.Andrea.Sannerhaugen@Sunnfjord.Kommune.no
Phone: 466 41 496 / 577 26 115